Komande konsertar:
Klaus skal ha ein konsertturne i Sogn og Fjordane i oktober 2024 og planlegg elles fleire konsertar i 2024. Han framfører «Songar» entan solo, i duo, trio eller med fullt band. Klaus har hatt samarbeid mellom anna med Viggo Kruger (Pogo Pops) og Eivind Kvamme (Karin Park, Poor Rich Ones) på gitar, Leslie Egerer på fiolin, Alex Grieg på bass (jazzpotet), Nils Drønen og Jan Tore Ness på trommer. Musikken er på Spotify og straumetenester. 

Om Jon Fosse prosjektet:
Det begynte hausten 2010. Mi eiga mor, forfattar Ingri Lønnebotn, planta boka «Songar» i fanget mitt og spurde om eg ikkje burde sjå på desse. Som sagt så gjort, og eg vart straks fanga av tekstane. Melodiane kom relativt lett, eg trengte ikkje presse dei fram, ja det var som om teksten leda an og viste veg- og slik meiner eg det skal vere! Eg vonar difor at tekst og melodi samarbeider og skapar ein organisk heilskap saman. Kan ein seie det slik utan å verte svulstig?

Tematikken spenner frå kjærleik (sjølvsagt), von, sorg, kvardag, humor med meir. Tekstane er lett tilgjengelige og har eit enkelt språk men uttrykker også mykje meir på same tid. Ein kvar røynd poet, og kanskje særskild Fosse, er oppteken av å kunne fange noko av «det uutseielige» i diktinga si – noko som ikkje kan uttrykkast som ei meining - det er jo der løyndomen og kunsten ligg; det uforklarlege og fantastiske, dette som me kan ane eller så vidt klarer famne i ein stakka stund. Slik tenkjer eg og med musikken; den har same syfte. Om eg har lykkast å fange nokre slike augeblink og samstundes tilført tekstane ein ekstra dimensjon, så skal eg være særs nøgd.

 
 
Følg Klaus: